Jolegåver og Black Week🎄

Jola nærmar seg, og me er igjen klar for julehandel på golfbanen, med fantastiske tilbod!⛳️

Som vanlig har Golfheftet jolekampanje, kor du ved kjøp av 2 hefter får med ei ekstra gåve; Golflue, golfsokkar, eller LifeTime peggar etter eige valg. Så då kan du kjøpa eit hefte/kort til deg sjølv, og eit hefte med ei flott ekstragåve verdt inntil kr.250 som du kan gi bort i jolepresang🎁

I tillegg gjentas fjorårets Black Friday, kor du i perioden 23-29.nov., ved kjøp av Golfheftet 2021 får med Golfheftet PLUS verdt kr.199 på kjøpet, som gir deg rett til å spela fleire gonger med Golfheftet på ei rekke golfbaner🏌️‍♀️

Og ikkje minst; desse to kampanjene kan kombinerast, slik at du denne veka kan kjøpa 2 stk Golfheftet til kr.495 pr stk, og få med BÅDE gratis PLUS på begge korta, OG ei gåve ved kjøp av to kort🎅

Ut over Golfheftet så sel me også greenfee billettar kor du betaler den lågaste prisen, men kan bruka dei alle vekas dagar, og sparar såleis inntil kr.100. Årets gåver står nedenfor, men merk at gratis PLUS gjelder kun veka 23-29.nov⛳️

  • Greenfee gåvekort 18 hol, kr.300,-
  • Greenfee gåvekort 9 hol, kr.200,-
  • Golfheftet inkl gratis PLUS, kr.495,-
  • Golfheftet 2 stk, inkl gåve og gratis PLUS, kr.990,-

Send bestilling med di postadresse til post@vossgolf.no eller SMS 957 19948, og betal til Vipps # 141899, så har du gåva i posten i løpet av nokre dagar

Hvis du heller vil kjøpa på klubbhuset så er dette mulig kun søndag 29.nov, kl.1500-1700, som også er siste dag med Black Week. Då står det også ei nissekone i resepsjonen som spanderer gratis kaffi og vafler til alle handlande☕️

Så velkommen til julehandel på nett eller i butikk, og støtt klubb og bane samtidig som du gjer ein knakande god handel!⛳️

Helge, 22/11-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no