Bag- og trallebod

Me ønsker å gjera eit forsøk på å rydda opp i brakkebyen på parkeringen, og finna ut om det er interesse blant medlemmene for eit skikkelig tilbud på lagring av golfbagar og traller på golfbanen. 

Etter å ha vurdert forskjellige alternativ så har me komme fram til at me ynskjer eit bygg som er isolert og varma, så det kan brukast heile året, med låsbare personlige skap, og meir i nærheten av inngangen til golfbane og klubbhus. Bygget er tenkt reist rett til venstre etter bommen ned til klubbhuset, oppført i ferdige element frå Seimen AS, og med skap frå Caddy Box (meir info i link).

Me har no tegna og fått anbud på heile bygget, fått tilbud på skap, og sendt søknad om STUI midlar. Det som no gjenstår er difor å finna ut om medlemmene er interessert i eit langt bedre tilbud, men som også så klart vert dyrare enn dagens ordning.

Type A: 60 x 60 cm, med plass til bag og samanslått tralle, pris ca kr.900 pr år.

Type B: 80 x 80 cm, med plass til dei fleste typar traller utslått, pris ca kr.1200 pr år.

Type C: 80 x 120 cm, med plass til elektrisk tralle utslått, pris ca kr.1500 pr år.

Prisane er avhengig av endelig beregning av kostnadane med prosjektet. Til samanlikning så er prisen på leige i dag kr.350 for ein sommersesong i brakkene, samt kr.200 for lagring om vinteren i Proshop (dei siste tre åra innbakt i årskontingent for simulator), til saman kr.550.

Me vil be om at du sender eit kort svar, kor du skriv navn, og kva type bagbod som er mest aktuell for deg på e-mail til post@vossgolf.no , SMS 957 19948, eller skriv det som ein kommentar til Facebook innlegget seinast innan 1.des. Eks: «Ola Olsen, Type B».

Me vil understreka at dette ikkje er nokon bindende påmelding, men kun ein undersøkelse om det er grunnlag for å gå vidare.

Nedanfor viser skisser og bilde over plassering og utforming av bygg og skap, og hvis interessen er stor nok så er planen å ha bygget klart til starten på sommersesongen 2021.

Helge, 13/11-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no