Region Tour Vestland på Voss

Laurdag og søndag 26. og 27.juni var det storturnering på Voss Golfbaner då regiontouren hadde sin femte runde for året. Det var mange karar og ikkje fullt så mange damer som deltok. Det vart spelt slagspel over 36 hol. Vår eigen Carl van den Boom gjorde det meget godt og kom på andreplass med 16 slag over par. Vinnaren vart Andreas Lloyd Aronsen frå Fana som gjekk 12 over par på desse to dagane.  Samanlagt leiar faktisk Carl regiontouren i år.  I kvinneklassen, der det berre var tre deltakarar, vann Solveig Helgesen frå Bjørnafjorden klart på 18 slag over par. Ho leiar også klart samanlagt i kvinneklassen. For fulle resultatlister kan de gå inn på våre reusltatsider som du finn HER.

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no