Hauststart for Superrunden og Ingeborg på Ungdomsmesterskapet

SUPERRUNDEN

I morgon (eller i dag alt etter når du les dette 🙂 ) er det klart for denne haustens første Superrunde. Akkurat no er det 18 påmelde og det vil nok bli endå fleire innan fristen i morgo kl 1500. SOm vanleg startar Superrunden kl 1730 og startkontigenten er 100 kr. Haustsesongen i order of merits er dei 6 beste rundane som er teljande. Fritt spel for sesongen 2022 vert trekt på scorekorta etter haustsesongen. Det vert spela i 5 ulike klassar med 100% handicap. Superrunden skal passa til alle interesserte golfspelarar med ønske om konkurranse og sosialt samvær. Eigen klasse for gutar og jenter opp til 13 år. Så kom i gang og meld deg på første runde HER.

INGEBORG MED PÅ UNGDOMSMESTERKSAPET PÅ LOSBY GK

Ingeborg Hovland er denne veka med på Ungdomsmesterskapet som er ei turnering for 15 og 16-åringar frå heile landet. Far Glenn Ove raporterer dette via klubbens facebookside: Då er dag 1 over og Ingeborg spelte heilt ok. 10. Plass med mulighet for å spela seg opp nokre plasser imorgo. 😀 To litt stygge 8-ara øydelagde litt, åsso va ho litt uheldige med eit par birdie putter, men da får ho ta igjen imorgo. 😀 Greenane her er ekstremt store og veldig raske so detta er ei skikkelig utfordring for dei fleste. 😃 Snakkes imorgo. 😀 😉

Me ynskjer Ingeborg lykke til vidare og via denne lenkja kan de fylgja alle hennars resultat denne veka! Litt bilete frå Losby kan de også sjå under.

 

Puede ser una imagen de una o varias personas y al aire libre

Puede ser una imagen de practicando un deporte y césped

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no