Dugnads finale på golfbanen💪

Banen vår spirer og gror, og som bildene frå i dag viser, så vert den finare for kvar dag som går!🌱 Men vår betyr også dugnadstid på golfbanen, og me er skikkelig imponert over det gode frammøtet på sist dugnad, kor 40 glade medlemmer stilte opp og gjorde ein kjempeinnsats!🎉 No er me klar for finalen, og me håpar på god oppslutning også på dei to dugnadene me har no til veka:

Mandag 6.mai kl.1700 – 2000🏌️‍♀️

Denne dagen har me den årlige utvasken av Equinor hytter. Ta gjerne med vaskeklutar, mopp etc, og så har me det meste av vaskemiddel i hyttene. Denne dugnaden gir eit årlig svært viktig tilskot til driften av golfbanen, så me håpar på godt oppmøte for å vera med på å sikra oss desse viktige inntektene no i oppstarten av sesongen! 

Torsdag 9.mai kl.1700 – 2000🏌️‍♂️

Det er framleis litt som gjenstår for å fullføra vårdugnaden, og fylgjande arbeidsoppgåver er planlagt:

•  Skog /pas nedanfor vegen mot hol 1 fjernast (motorsag + handarbeid).
•  Maling av  stakar og skilt.
•  Gå over bruene, rep og beising.

Det er sikkert meir også, men vi startar med dette.

Med dette så håpar me å avslutta dei større dugnadene i løpet av neste veke, og me set veldig stor pris på om me får godt frammøte, så banen framstår slik me ynskjer den for sesongen!⛳️

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no