Turneringar

All tilgjengeleg informasjon om turneringar på banen finn du her i Terminliste. Her kan du melde deg på, gjere endringar og/eller betale turneringsavgifta om du vil. Det er og mogleg å betale ved oppmøte dersom ikkje anna informasjon er gitt i Golfbox.

Turneringskomiteen er ansvarleg for utarbeiding av regelverk for turneringane. Lokale reglar kan variere ut i frå tilhøva på banen og vert opplyst om før kvar turnering. Fristar for på- og avmelding til turneringane må overhaldast. For spørsmål, ta kontakt med turneringskomiteen på: turnering@vossgolf.no, eller telefon 907 24977.

 

Smalahovegolf
Ski & Golf NM

Gjennom året arrangerar vi fleire større turneringar: Smalahovegolf er ein golfturnering etterfulgt av smalahovemiddag på klubbhuset, som vert arrangert i september kvart år.

Ski og Golf NM er ein kombinasjon av alpint i Myrkdalen, og golf på Voss Golf, og har blitt eit veldig populært årleg arrangement. Arrangementet har si eige heimeside som du finn HER.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no