Resultat og bilder Golfhäftet Trophy🏆

Golfhäftet Trophy er Norden si største parturnering og dette året var fyrste gong turneringa vart arrangert på Voss. Heile 82 deltakarar er ny rekord for året og 6-ar flightar og speleform greensome var kanskje ikkje noko alle var vane med, men formatet gjekk for det meste knirkefritt. Været er det jo alltid lite å gjere med, men dei fleste er vel einige om at det ikkje vart så gale som ein frykta. Opphald i nesten ni hol før regnet tok over dei siste ni kan me vel ikkje klaga så alt for mykje på.

I Golfhäftet Trophy vert spelarane sin hcp redusert med henoldsvis 60% og 40%. Det gjev paret eit spelhandicap og ut i frå dette vert det spelt ei stablefordturnering. I Greensome som var spelforma i dag så slår begge spelarar ut frå tee og så spelar dei vidare på beste ball og då med annakvart slag. Denne speleforma var det nokon som takla betre enn andre.

Aller best og med heile 46 poeng var Nils Bjarne Hommedal og Kirsten Hauge Rogne. Dette er ein meget imponerande score. På andreplass med heile 42 poeng, som også er meget bra, fulgte Gaute Kalstad og Terje Vethe. På tredjeplass med 41 poeng kom Anna og Ivar Gjeraker. Golfhäfte stilte med fine premiar til alle dei åtte første på resultatlista, men førstepremien som Nils Bjarne og Kirsten stakk av med er den aller gjevaste, nemleg helgeopphald og deltaking i hovudfinalen for Golfhäfte Trophy på Bro Hof Dlott GC utafor Stockholm.

Finalen går ikkje før i juli neste år så då får vi håpe Nils Bjarne og Kirsten ikkje treng å gå i karantene når dei kjem heim. Me må også nemne at Nils Bjarne tok reint bord i dag for han vann også Golfhäfte sin closest to pin då han berre var 72 cm frå flagget på hol 3. Han fekk difor med seg eit par splitter nye golfsko til ein verdi av 2200 kr. Voss GK vil takke alle dei 82 deltakarane og håpar de kjem tilbake ved eit seinare høve. Nedanfor følger litt få fleire bilder frå ein fantastisk kjekk dag, og til slutt full resultatliste frå Golfhäftet Trophy Voss GK 2020.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no