Dugnad på banen

Det vert dugnad på golfbanen mandag 26. apri kl. 17.00.

Vi treng folk som har, og kan handtera  ryddesager. Flott om dei som har slikt utstyr kan ta det med; ryddesag, motorsag, sakser og river. Det er og behov for folk som kan gå med ryddesaks, rydding av pas og vekkjøring med Gator.

Då ein del nok kjem rett frå jobb, og for å sikra at alle er fulle av energi til dugnaden så serverer me lapskaus og saft til alle som skal vera med frå kl.1630. Velkommen!

 

Ei oversikt over planlagt Dugnadsarbeid på klubbhus og bane.

  • Nedvask klubbhus; Ta gjerne med vaskeklutar, mopp etc

 

  • Arbeid på Bane;

 Hol 1: Litt rekved mellom utsl. 52 og bunker, fjerna ein del pas på høgre sida fra vannhinder og mot vatn og langs vatn mot veg på oppsida.

Hol 2: Mykje rekved, (Frode har snakka om å få hjelp av Per, no er vatnet lite og kunne kanskje vore brendt i strandsonen. I så fall løyve fra brannvesenet.)

Hol 3: Pas på venstre sida gøymer kvite stakar, pas bør fjernast

Hol 4: Singel i grøft mellom  fairway 2 og 4

Hol 5: OK

Hol 6: Gå langs høgre sida og fjerne pas (årleg aktivitet)

Hol 7: OK

Hol 8: OK

Hol 9: Ein del pas på venstre side mot haugen og rundt vatn

 

  • På driving range må sikringsnett strammast opp
  • Oppretting av skilt og staker på heile banen
  • Grusing på vegar der det er utvaska
  • Sjekka grøfter og stikkrenne

 

  • Demontering av vindauga og el. i 2 gamle brakker (bagbuer) på P-plassen.
  • Nedvask klubbhus
  • Groa-kvilo har flytt seg av fundament og må rettast opp.

 

Dette er nok meir enn vi kan få gjort på ein dugnad, men vi får gjere det vi kan basert på frammøte.

 

Spørsmål; Gaute 90724977, Ivar 91161362

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no