Jolahelsing frå styret i klubben

Jula nærmar seg, og året 2021 er snart over. Det har vore eit spesielt år. Me starta nyåret med strengare restriksjoner, hadde gjenåpning i sommar og årets siste månad var me tilbake med strengare restriksjoner att. Tida vil vise kva 2022 vil bringe.

Sjølv i ein pandemi så har det vore eit flott år for Voss golfklubb. Me har arrangert mange flotte turneringer, fått besøk av utrulig kjekke greenfeespelarar og ikkje minst fått mange deltakarar og nye medlem gjennom VTG-kurs.

Me lyt takka banemannskapet for å ha holdt banen i flott stand gjennom heile sesongen, og ikkje minst medlemmane våre som har stilt opp på dugnad både i klubbhus og ute på banen. Takk og til våre sponsorar som gjer det mulig for oss å ha ein av vestlandets flottaste golfbaner.

Til slutt, ein liten oppdatering vedr. innersvingen. Grunna nye restriksjonar vil det ikkje bli arrangert turneringar fram til nærmare beskjed. Ver flinke med smittevern og spel fortrinnsvis med kohorten din på simulatorane. Me gler oss til innersvingen turneringar forhåpentligvis i 2022. Ha ei riktig god jol og eit godt nytt år i vente.

Styret i Voss golfklubb

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no