Trenar 1 kurs på Bjørnefjorden

I helga hadde Voss to representantar på NGF sitt trenar 1 kurs på Bjørnefjorden. Her var det 25 andre frå klubbane Sotra, Lærdal, Sandane, Stord og Bjørnefjorden som også var med. Våre to representantar, Stig Andes Hauge og Sondre M. Hovland, hadde tre veldig innhaldsrike dagar i sola på Os.

NGS sin Svein Erik Hansen og Iver K. Ødegård var kursleiarar og gav gode øvingar samt viktige prinsipp inn mot trenarrolla. Det vart gitt gode øvingar inn mot både juniorar og VTG-kurs, men samtidig var desse øvingane noko som den erfarne golfar også kunne bruke. Det var spesielt innanfor nærspel og putting ein fekk svært mange gode og varierte øvingar. Ei veldig kjekk og ikkje minst lærerik samling var våre to representantar einige om.

I tillegg til Stig Anders og Sondre så vil også Nikolai Sommar Os frå Lærdal Golfklubb gjennomføre praksistimane sine i trenar 1 på Voss denne sommaren. Dei vil være med på juniortreningane samt dei fleste VTG-kursa. I tillegg vil dei også kunne legge opp treningar for både damegruppa og fellestreningane ved høve som passar.

Nikolai frå Lærdal Gk vært med som trenar no i sommar

Stig Anders og Sondre i sola på Os

Litt teoriundervisning måtte også til

Me fekk lært oss veldig mange gode og varierte øvingar.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no