Trening med Nikolai frå Lærdal GK i sommar

For dei som har lyst å trena litt golf i sommar har me no eit godt tilbod. Nikolai Sommer Os frå Lærdal GK tek trenarkurs i lag med nokon av våre medlemmar og sidan Lærdal akkurat no ikkje har ein bane så treng Nikolai ein plass for å gjennomføre dei obligatoriske timane sine. Han skal difor ha to treningsdagar her i sommar samt ta seg av eit VTG-kurs.

Nikolai tilbyr trening for medlemmar av Voss GK i alle aldrar. Treningstidene vert:

Søndag 3.juli kl. 10-12 og 13-15

Torsdag 14.juli kl 10-12 og 13-15

Her kan du være med på ei av øktene eller begge i løpet av dagen. Men ver presis. Øktene byrjar ved oppsatt tid. Det vert trening på det meste innan lange slag, chipping og putting på kvar økt.

Vel møtt!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no