TV Aksjonen Golf resultat

TV-Aksjon golfturnering blei arrangert 6. oktober på ein flott haustdag som eit samarbeid mellon golfklubbane Voss og Odda. Det var totalt 18 golfare som stilte til start for å spela 9 hull Københavnar. I tillegg var det lagt inn mange moglegheiter for å «kjøpa seg fri» frå vanskelege situasjonar og forbetre score. Dei fleste prøvde seg også på ferdigheitsøvelsar på treningsområde.
 
Nokon hadde også teke turen til golfbanen for å prøva seg på golf.
 
Resultat golfturnering:
Vinnar             Håkon Hagen, Odda Golfklubb         23 poeng
2.                     Eilert Lund, Voss Golfklubb               22 poeng        
3.                     Randi E. Østvik, Voss Golfklubb       21 poeng
 
Vinnar av bøtta med golfballar blei Jon Grevle som tippa at det var 107 ballar i bøtta. (Rett svar var 115).
 
Totalt innbrakte golf dagen kr. 9000, og med kr. 7500 frå Sparebanken Vest vil kr. 16500 bli overført TV-Aksjonen 2018.
Nedanfor resultat frå TV Aksjonen 2018 på Voss, og som de ser så toppar me giveroversikten i kommunen! Voss og Odda Golfklubb vil takke alle som var med og bidrog til dette flotte resultatet!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no