Informasjon frå styret, Voss Golfbaner AS

Klubben har det siste året vore flinke til å informera medlemmene, og de har i årsrapporten som ligg på heimesida fått tilgang til status frå alle grupper og komitear. Det er klubben som har hovedansvar for å informera medlemmene, men uten bane ingen klubb, så her fylgjer litt overordna informasjon om status og planar også frå banen framfor ein ny sesong.

ØKONOMI

Som de nok veit så var 2018 eit tøft år for banen, og i banekomiteens årsmelding er det informert meir detaljert om fleire av utfordringane me hadde. Dette hadde sjølvsagt også store negative konsekvensar for økonomien, og samla utgjorde desse rundt kr.250.000 i form av reduserte inntekter på greenfee, turneringar etc, samt økte kostnader til frø, gjødsel og arbeidskraft for å gjera det beste ut av situasjonen på ein bane med store skadar.

I tillegg så hadde me ein del kostnader til nytt bygg over delar av driving range, framføring av elektrisitet til bubil parkering, markiser over terasse, oppgradert utvalg i pro shop, ny heimeside, samt viktig dreneringsarbeid på banen. Dette er imidlertid viktige tiltak, som saman med det store arbeidet som er gjort med rydding av rough etc på banen gir oss ein betre bane og fasiliteter, og derved også grunnlag for auka inntekter i framtida.

Allerede i fjor gav det utslag i blant anna auka inntekter på driving range, nye inntekter frå bubil, opprettholdt salg i kafe, og auka salg i pro shop. I tillegg så gav eit nytt samarbeid me har inngått med Visit Voss og hotella oss auka inntekter frå turistar, som kompenserte litt for tapt greenfee frå kortreiste gjester frå Bergens området, som me må innrømma hadde finere banar enn oss i fjor. Og ikkje minst; me har auka sponsorinntektene kraftig.

Samla medførte dette at me kjem ut av 2018 med eit driftsresultat rundt 0, og etter nedbetaling på lån etc, eit resultat på rundt 100.000 i minus. Med den sesongen me hadde, og dei investeringar me har gjort så er dette eit resultat me må vera rimelig godt fornøyd med.

INVESTERINGAR 2019

Resultatet for 2018 gir oss imidlertid ein del begrensninger framfor neste sesong, og større tiltak på banen, ynskje om blant anna tak istadenfor «sirkusteltet» ved klubbhuset, nye bagboder etc vert lagt på vent, og erstatning av Belingoen som tok kvelden i fjor haust avventar endelig beslutning i styret. 

Dei investeringane me vil prioritera denne sesongen er fokusert på å gjera banen vår betre, og fylgjande er vedtatt av arbeid på banen i prioritert rekkefølge:

  • Oppretting av skeiv tee hol 9, med ferdiggras.
  • Gjera ferdig dreneringsarbeid hol 4 og 6.
  • Ferdigstilling av ny tee hol 3, med ferdiggras.
  • Dreneringsarbeid hol 7.

…og fylgjande investeringar for maskiner og utstyr til banen:

  • Kjøp av ny greenklyppar med kombinert vertikalskjærar/pipelufting.
  • Styringsenhet til vatningsanlegg, heilt ny, eller oppgradering av noverande.

I tillegg så skal arbeidet me satte i gang i fjor, med rydding av rough og pas halda fram innanfor dei rammene som me kommuniserte til dykk alle etter vedtak i banestyret framfor forrige sesong.

HEIMESIDA

Ei ny, oversiktelig og funksjonell heimeside var eit prioritert område i fjor, og i løpet av vinteren har me gjort enkelte forbedringer i denne:

  • Me har no fått lagt inn video presentasjon av alle hol på banen under baneguiden. Desse er linka til ein YouTube konto me har oppretta, og for å navigere mellom hola så bruker ein «forrige/neste» knapp nederst på sida du er på. Takk til «Peer Einar og bruttern» for filming!
  • Innlogging til GolfBox var styrt av golfforbundet, med ein boks som var svært lite funksjonell, spesielt frå nettbrett og mobil. Me har til slutt fått aksept frå NGF for å laga og bruka vår eigen innloggingsboks, og me håpar de likar denne endringa.
  • Vær og kart er no lagt inn i samme boksen som innlogging GolfBox, noko som spesielt på nettbrett gjer at nyheter kjem lenger opp på startsida.

DUGNADER, KAFE OG DIV

Det er små marginer me opererer med, og for å kompensera for eit fallende medlemsantall, og derav mindre overføringar frå klubben, så er me heilt avhengige av sponsorar, greenfee spelarar, Equinor tilsynsavtale, bubil parkering, kafe salg etc for å sikra og forbedra banen vår. I den samanheng så er det av uvurderlig betydning at de bidrar til dugnader, enten det er ved dugnad på banen, Equinor hytte utvask, eller å stå i kafeen enkelte helger.

Me håpar de i året vil bidra på desse områda endå meir enn i fjor, og skriv dykk på lista for bemanning av klubbhus i helgene, som vert lagt i klubbhuset før sesongstart. 

Me kjem i år som i fjor til å bemanna kafe i helger heile sesongen, og alle dagar i veka i høgsesongen frå juni til august. Det er då også av stor betydning at medlemmene benytter tilbodet, så ta gjerne lunchen før eller etter runden på kafeen med Voss sin flottaste uteservering! Kvar pølse, baguette, kaffi og slurk med øl går til ei god sak!

Og ta gjerne med deg folk i kafeen enten de skal spela golf eller ei, kjøp Golfheftet hjå oss, leig våre flotte lokale hvis du skal ha eit arrangement, tips folk om vår bubilparkering, og ikkje minst; Bruk våre sponsorar når du skal kjøpa varer og tenester. Det gjer me i banen i alle våre innkjøp, for sponsorene er heilt vesentlig for å sikra driften av banen!

Avslutningsvis; Me har greid oss gjennom ein tøff sesong langt betre enn andre banar som var utsette for liknande vinterskadar som oss, og som i fleire tilfelle har enda med konkurs. Dette har me greid i fellesskap, og med dykkar fortsatte støtte og engasjement så håpar og trur me den nye sesongen vert rett og slett fantastisk!

Helge

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no