Nyheter frå golfbanen

Me nærmar oss oppstarten på ein ny sesong, og vil i desse vanskelige tider informera litt om status på golfbanen, og kva me har av planar for sesongen.

Status økonomi:

Corona gir mykje usikkerhet omkring økonomien også for golfbanen. Heldigvis har me bak oss eit godt år, med økning i salgsinntektene på 35-40%, samtidig som me har holdt kostnadene nede. Dette har me latt ligga igjen i klubben, ved at det vart overført mindre enn det egentlig skulle til banen, og klubben har oppretta ein øyremerka reservekonto om behovet for ekstra pengar til banen skulle oppstå.

Det er imidlertid klart at Corona utbruddet er ein trussel mot økonomien vår, spesielt sidan mange av våre sponsorar i reiselivet har tunge tider, og fakturaene til dei er på veg ut no. Vidare så er det allerede avlyst inneturneringar, fleire av dei første uteturneringane er avlyst eller heng i ein tynn tråd, det er usikkert når me kan åpna banen for spel, kor mange som kjem, og i kva grad me kan ha salg av mat og drikke.

Tiltak på banen – dugnad:

Me har på bakgrunn av dei utfordringane Corona gir gjennomgått planane våre for sesongen endå ein gong, og med det sikkerhetsnettet me har frå i fjor så har me vedtatt å fasthalda ein del investeringar på tross av usikre tider:

Me har bestemt oss for å bygga overbygg over uteplassen mot vest istadenfor sirkusteltet me har hatt dei siste åra. Me er avhengige av å ha tak over utearealet både ved turneringar, arrangement/grilling, og for å halda folk i igjen litt i kafe/bar etter ferdig golfrunde. God planlegging av Torkjell og Per Steinar kombinert med eit svært godt tilbud frå Seimen AS gjer at me køyrer på. Ivar og Torkjell planlegg difor å starta arbeid med fundamentering i løpet av denne eller neste veke.

Me har vidare kjøpt inn graveaggregat til traktoren, og dette har allerede komme til god nytte. Me har no gravemaskin tilgjengelig når me treng den, og har folk, og første prioritet er no å få gjort ferdig dreneringsarbeidet som vart starta i forfjor. Frode og Malvin er godt i gang med drenering av hol 6, som blir fulgt opp med gjenståande dreneringsarbeid på hol 8 og deretter hol 4. Til slutt kjem drenering av driving range.

På bakgrunn av dei usikre utsiktene me no har for 2020 så har me imidlertid bestemt at det i år kun er Frode som vert ansatt ute på banen før dei med sommarjobb begynner i juni. Dei skal hjelpa til noko med klargjering av banen og etter kvart slåing på kveldar og helger før sommarjobben, men fram til dei begynner for fullt så betyr det at Frode treng hjelp frå oss andre.

Med dei restriksjonane me har er det ikkje mogleg å planlegga større fellesdugnader på banen og utvask Equinor hytter, men me vil be om at medlemmer som har tid og anledning til å hjelpa til på banen kontaktar Frode på tlf 930 47652. Hvis han er ute på banen, og ikkje tar telefonen; Send ein SMS. Det gjeld blant anna tynning av skog, hjelp til påfylling av dreneringsgrøftene som no vert gravd, utbetring av bunkersar etter vinteren, og anna arbeid på banen.

Det samme gjeld for Equinor hytter som no står tomme; Hvis 2-3 personar går saman så bør det vera mogleg å ta ei leilighet på ein liten kveld. Hvis du har tid og anledning til å hjelpa til, kontakt Anna Gjeraker på tlf 988 44343. Den årlige utvasken av hyttene gir eit svært viktig bidrag til økonomien i banen, så me håpar på god oppslutning om dette!

Så gjer som Kolbein på bildet under her (liten mann til venstre med stor bil til høgre); Ring og høyr om det er noko du kan gjera, kos deg i frisk luft i nokre timar, og gi ditt bidrag til ein god baneåpning!

Nye skilt på banen

Det er no bestilt nye skilt med banekart for kvart hol på banen, vist med gamalt skilt og utkast til nytt skilt på hol 6 nedanfor, saman med nytt velkomstskilt ved Nedkvitnesvegen. I samme omgang er det bestilt reklameskilt for Westcon Løfteteknikk på banens hol 2, avisa Hordaland på driving range og Polardrikk på parkeringsplassen. Me ynskjer dei nye sponsorane hjertelig velkommen!

Greenfee 2020

Styret har vedtatt å halda greenfee for 2020 uendra frå 2019. For å gjera det billigare for unge å begynne med golf, og reisa rundt og spela på andre banar er det også vedtatt at greenfee for samtlige juniorar vert sett ned til kr.50,-, uavhengig av klubb tilhørighet. Vidare så har me inngått avtale med Meland, Fana, Bergen, Bjørnefjorden, Sotra og Sunnfjord Golfklubb om at våre juniorar medlemmer kan spela der for kr.50,- i greenfee.

Ny kaffimaskin klubbhus

Det er no bestilt ny kaffimaskin på klubbhuset, med eit rikholdig utvalg av varm drikke, og no med betalingsterminal direkte på kaffimaskina. Dette har me fått til med ein god sponsoravtale med Polardrikk, som me har hatt eit godt samarbeid med i mange år. Få ein forsmak på den nye flotte kaffimaskina HER, og så håpar me alle medlemmer og besøkande vil setta pris på det nye tilbodet!

 


Og til slutt – åpning

Banen vår har klart vinteren ekstremt godt, og er i følge Frode i så god stand som den aldri har vore. Ut frå dette kunne me nok ha åpna driving range ein av dei næraste dagane, og sjølve golfbanen om nokre få veker. Me må imidlertid retta oss etter dei retningslinjer me får, og avventar om det kjem lettelsar i dei restriksjonane som Norges Idrettsforbund har gitt etter råd frå myndighetene.

Me gler oss alle til baneåpningen, men må smøra oss med tålmodighet litt til. Det beste du kan gjera for ein tidlig åpning av ein flott golfbane er no å melda deg klar for dugnad, betala kontingenten din til klubben, og ikkje minst; Støtt våre sponsorar!

 


Helge, 23.mars 2020

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no