Dugnader på golfbanen💪

Måten me har dugnad på vert litt anleis i år enn den pleier, men med all usikkerhet som rår så er det desto viktigare at de no stiller opp og hjelper til! Me prøver no å organisera dette i mindre grupper, og håpar de er klar for å hjelpa til.

DUGNAD PÅ BANEN: På grunn av usikkerhet med både sponsor- og andre inntekter etter at Corona kom inn over landet så har me lagt bemanningen fram til sommarjobb folket kjem på eit minimum. Me treng hjelp til blant anna rydding av tre og pas mot vatnet på hol 2, til å fylla igjen dreneringsgrøfter som no vert gravd, til å rydda opp i bunkersar etc. Så sjølv om det i år ikkje vert nokon stor fellesdugnad, grunna begrensningar i store ansamlingar, så håpar me fleire av dykk melder ifrå til Frode Draugsvoll på tlf 930 47652, og får område kor de kan gjera ein innsats.

UTVASK EQUINOR: Me har no fleire veker på oss med 4 leiligheter som står klare for utvask. Her kan enkeltpersonar eller grupper ta på seg ansvar for å få vaska ut 1 leilighet, og enten ta det på ein kveld, eller ta ein time i ny og ne i vekene framover. For å få tildelt ei leilighet, kontakt Anna Gjeraker på tlf 988 44343. Det er VELDIG viktig for økonomien vår at me får denne utvasken gjort, så me håpar fleire av dykk som ikkje deltar i dugnad på banen vil hjelpa til her!

BALLPLUKKING: Me har ein fast gjeng med flinke folk som har ansvar for ballplukking på driving range ei veke i slengen. Her begynner det imidlertid å tynnest litt i rekkene, og Peer Einar som organiserer ballplukkinga har behov for eit par personar til som kan vera med på å ta denne jobben 1-2 veker i løpet av sesongen som kjem. Så hvis du har mulighet til å vera med på dette, kontakt Peer Einar Bjørgo på tlf 900 41623, og meld di interesse.

Det er no viktigare enn nokon sinne at de trår til og gir eit bidrag med ein dugnadsinnsats for klubb og bane, så me håpar og trur at mange av våre medlemmer melder seg, slik at me får åpna banen så snart verden rundt oss er klar!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no