Wall of fame🏆 og status golfbanen🍂

Nokre bilde frå golfbanen i dag, med mange medlemmer og fleire tilreisande grupper frå Bergens området utpå, som kun hadde gode ord om standen golfbanen er i om dagen!⛳️

Me ynskjer å halda åpent så lenge banen gir ein god opplevelse for spelarane, og ikkje tar skade av bruken. Men det går mot vinter, og når tida er inne så stenger me heller med kort varsel enn å varsla stenging i unøde lang tid i forkant på grunn av kva kalenderen seier.🏌️

Så benytt anledningen til å få nokre gode rundar dei flotte dagane me har no, så ender du kanskje opp på den staselige «wall of fame» som klubben nå har dekorert ein heil langvegg i klubbhuset med🏆🥇

Velkommen skal du vera, enten målet er å bli den beste av dei beste, eller berre å ha det kjekt på ein sabla fin golfbane!🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Helge, 16/10-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no