Stenging av golfbanen

Etter ein lang og fin periode har det vore mykje nedbør dei siste dagane, og meir er meldt framover, så det er difor beslutta at siste åpningsdag for golfbanen vert i morgon, torsdag 22.oktober. Dette gjeld både banen, treningsområde, og også driving range som det ikkje lenger er mulig å plukka ballar på med Gator.

Å halda den åpen lenger nå medfører risiko for skadar som ikkje gror før til våren, og den treng nå å forberedast for vinteren, med blant anna pipelufting av greenar som vert sett i gang på fredag.

I løpet av eit par dagar vil også døra på klubbhus bli låst, og må åpnest med kode som vert sendt ut til dei som har kjøpt fritt spel abonnement på golfsimulatoren.

Takk for alt spel på banen i år, og velkommen til golf i Innesvingen utover vinteren!

Helge, 21/10-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no