Stor dugnadsinnsats for å gjere bana betre

“Du skal finne ballen din – og du skal kunne slå han”.

Vel, det var det me sa då me bygde banen. Men det har me ikkje alltid kunna gjera. Å leita etter ballar og å mista ballar er ikkje av dei kjekke delene av spelet. Tvert imot – me hatar det. Då banen vart bygd var kravet og spesifikasjonen at

  • Roughen skal vera glissen slik at du ser ballen på 5 meters avstand
  • Du skal alltid kunne spela ballen din, og i snitt skal du tapa ca eit halvt slag på eit besøk i roughen.

Roughen vart sådd med rødsvingel og skal eigentleg sjå ut slik den no ennå gjer på deler av hol 6. Det er mange grunnar til at me ikkje har klart å halda den slik, men det lar me ligga no. 

Slik den er på bildet her ynskjer me sjølvsagt å ha det på alle hol. Det er både funksjonelt og estetisk veldig fint. 

Når me no ikkje har det slik må me prioritera det funksjonelle fyrst. Det estetiske får koma i neste omgang.

Me ser dette tiltaket som heilt nødvendig, både for medlemmenes trivsel, rekruttering og ikkje minst opplevinga for våre betalande gjester som me ynskjer skal returnera for fleire gode golfopplevingar.

Me starta fyrste økt med å slå graset 8. juli. Da var roughen fullvaksen. Hadde me starta ein måned tidligare hadde nok jobben vore lettare. Men no er det grøvste gjort. Det gjenstår nokon små områder.

I skrivande stund har me slått meir enn 8 mål med høg rough. Men akkurat det har nå vore gjort før óg – vil du hevda. Det er rett, men denne gongen har me som ambisjon å holde roughen nede. 

Det vert sjølvsagt spennande å sjå kva vekster som kjem opp att. Det kjem mykje ugras – dette vil bli sprøyta. Og så satsar me på at det lengste og kraftigaste graset omsider vil dø ut ved jamnleg lav klypping. Det kan ta tid, så det gjeld å ha kondis og stå løpet.

For å halda roughen nede må me klyppa jamnleg. Då banen blei bygd var alle områder der me no har hatt høg rough, bearbeida. Underlaget skal i det store og heile vera jamnt og fint. Men når det har stått urørt har det og vakse opp kratt og tre. Og nokon stader har tre vorte felt og det står igjen stubbar. 

Me starter med å klyppa med John Deer rotorklyppar. Den har vore ein trufast slitar og gjort ein god jobb heilt frå me hadde bane på Nordheim før 2005. Den er solid, men stubbar blir for hard kost. Og den er smal, så det brattaste henget på hol 9 må me finne andre løysingar for.

Dette arbeidet blir utført på dugnad av dei sokalla “Grasgutane”. Dei får opplæring på rotorklypparen og klyppinga går på rundgang. Slåing av det høge graset er også gjort på dugnad, og Arne Ove Hellesnes har velvilligst stilt med slåmaskin. 

Ein stor takk til alle som har bidratt. Me håper og trur at medlemmer og gjester vil setja pris på banens “new look”.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no