juniortreningane startar mandag

Mandag 22.mai startar me opp igjen med juniortreningar for fyrste gong i år. Tidspunktet er 1700-1900. Dei tre fyrste treningane i år (22.mai, 29.mai og 5.juni) er opne for alle juniorar og gratis. Etter dette ynskjer me at dei som er på juniortreningane er medlemmer av klubben. Fullt juniormedlemskap opp til 13 år er 600 kr og 14-20 år er 1000kr. I dette medlemskapet er då alle treningane samt gratis rangeballar (når cafeen er open) inkludert (I tillegg til då alle andre fordelar eit juniormedlemskap i ein norsk golfklubb tilbyr). Eit MEGET godt tilbud! Så kom på trening og vert med vert med å spel golf!

Det er også ynskjeleg at foreldre møter på den fyrste treninga barnet er med på og gjerne også på dei påfølgjande treningane.

Det vert også treningar for alle i klubben mandagar. Tidspunktet er 18-20 og her trenar me på forskjellige delar av golfspelet. Rangeballar for dei som er med på treningane er gratis og tilbodet er også sjølvsagt gratis for alle medlemmer av Voss Golfklubb.

Nytt av året er også at me ved nokre høve vil bruke fairwayen på hol 1 som øvingsbane der me har konstruert ein bane på 6 hol med lengd mellom 50-100 meter. Ein del av spelet som ALLE har nytte av å trene på.

Så oppfordringa til alle er MØT PÅ TRENING 🙂

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no