Corona reglar golf simulator⛳️

På bakgrunn av den pågåande Corona pandemien er følgande reglar for bruk av golfsimulatorane i Voss Golfklubb bestemt:

  • Samtlige spelarar skal vera registrert i Golfbox, og tilskuarar er ikkje tillatt i simulator rommet. Ved forhåndsblokkering i f.m trening, turnering og grupper skal registrering i Golfbox skje ved frammøte.
  • Det er tillatt med maks 2 spelarar pr simulator, og denne begrensningen er nå lagt inn i starttids bestillingen i Golfbox. Ut over dette bør bestillingene skje slik at det er ferrast mulig til stades i simulator rommet på samme tid.
  • Det er satt fram 2 stolar og 1 bord pr simulator som kan brukast, med 2 meter mellom kvar stol. Desse skal stå der dei stod når du kom, og vekkstabla stolar og bord skal ikkje benyttast.
  • Set frå deg golfkøller som ikkje er i bruk i bagen din, og ikkje oppetter veggen.
  • Registrering på berøringsskjerm bør skje av ein spelar per flight etter rensing av skjerm (forsiktig med papir påført sprit). Ta med eigen peg, eller rens peg mellom kvar brukar.
  • Rens generelt alle andre berøringsflater, spesielt før du brukar simulatorane. Du kan ikkje basere deg på at dette er gjort av dei som spelte før deg.
  • Lagring av golfbagar kan i år skje langs veggen i heile klubblokalet, og ikkje kun i Proshop, slik at me unngår trengsel og berøring av andre sine golfbagar. Lagring er imidlertid kun for spelarar med fritt spel i simulatorane, og bagane skal vera tydelig merka med navn, og plasserast slik at dei ikkje er til hinder for andre som skal henta sin bag.

For personar frå samme husstand, som speler i lag, gjeld sjølvsagt at det ikkje er nokon begrensningar dei imellom.

Ellers gjeld alle generelle reglar som me har hatt gjennom heile sesongen for bruk av kaffeautomat, vareautomatar, toalett, betalingsterminal etc. Alt kan egentlig oppsummerast i hovedpunkta i plakaten nedanfor, og me håpar og trur at alle overheld bestemmelsane, slik at simulatorane kan vera til glede for oss alle gjennom heile vinteren i desse utfordrande tider!

Generell informasjon om tegning av medlemskap, betaling av greenfee, bestilling av speletid etc finn du HER, og denne er nå også oppdatert med eksempel på fordeling av betaling for spelarar som ikkje har fritt spel i simulatorene, samt tilgang til kode for å låsa seg inn i klubbhuset.

Helge, 29/10-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no