God jol🎄

Jula nærmar seg, og 2020 er snart historie. Det har vært eit spesielt år med eit virus som den største snakkisen, me får satse på det forsvinn i 2021. På tross av viruset har 2020 vært eit flott år for Voss golfklubb med nærmare 80 deltakarar på VTG kurs og mange nye medlemmer.

Me lyt takka banemannskapet for å ha holdt banen i flott stand gjennom heile sesongen, og ikkje minst medlemmane våre som har stilt opp på dugnad både i klubbhus og ute på banen. Takk og til våre sponsorar som gjer det mulig for oss å ha ein av vestlandets flottaste golfbaner.

Til slutt, ein liten oppdatering vedr. Simulator. Me har gått til innkjøp av eit høghastighetskamera som måler ein masse detaljer når kølla treffer ballen. Kameraene registrerer ballspinn og køllehodets data. Få tilbakemelding på hastighet og vinkling, samt analyse av ballen – inkludert backspin, spin og spinnakse. Lagt ved eit skjermbilde av korleis dette kan sjå ut. Kamera vert montert på nyåret og opplæring vert gitt til dei som vil, kamera vert montert på simulator 1. Dette vert moro.

Då ynskjer me alle ei riktig GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR frå styret i Voss Golfklubb.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no