Informasjon frå golfbanen⛳️

Baneåpning

Det nermar seg sakte men sikkert baneåpning, sjølv om kuldeperioden no etter påske har satt oss litt tilbake. Banen har komme godt ut av vinteren, så det me no ventar på er ein periode med høge nok temperaturar til at det vert vekst i greenane, slik at ikkje bruk gjer skade som ikkje gror til.

Driving range vert heller ikkje åpna før nermare baneåpning, då det samlar seg vatn i store dammar, og forhindrar ballplukking med maskin. Dette har lenge vore eit problem, så me vil prøva å få drenert rangen, og slik sikra ein lenger sesong. Og så håpar me berre klubben sin anmodning skaffar nok folk i ballplukk gruppa, slik at ikkje det vert eit hinder for å åpna driving rangen.

Tiltak på banen

På slutten av fjoråret var det noko misnøye med graslengd på fairways og rough, og for å bøta på dette er følgande tiltak bestemt framfor komande sesong:

  • Bemanningen på banen vert auka: Frode begynte 1.april, og no når det nermar seg baneåpning får han med seg Kjetil, som var her på slutten i fjor, ut heile sesongen. I tillegg er både Torstein og Eirik, som har jobba her dei siste åra, ansatt i skuleferien og ved behov.
  • Me har anskaffa oss ny fairway klypper med ein «groomer» / aggregat for å løfta gras på fairways i forkant av slåing. Spesielt ved vått gras og mykje tunrapp, kor me har hatt dei største problema, skal dette ha svært god effekt. Ein rimelig stor investering, som me håpar og trur er verdt pengane.
  • Klyppehøgd for rough vert i år sett ned med 10 mm, til 65 mm.
  • Klyppehøgd fairways vert sett ned frå 18 til 15 mm.
  • Me vil saman med vår rådgivar på gras og gjødsel vurdera å gå til innkjøp av Primo Maxx, eit veksthemmande middel på rough og fairway som nå er lovlig i Norge etter å ha vore forbudt i mange år, samt eit silisiumbasert produkt for å få ein meir opprett tunrapp plante.

Nye utslag

Stor slitasje av spesielt 52 utslaga gjer at me har bestemt å laga fleire nye tee stadar i løpet av sesongen, og følgande nye utslag kjem:

  • Hol 7, nytt utslag 52 nedandfor og til høgre for dagens utslag.
  • Hol 1, utviding av noverande 52 / 46 utslag.
  • Hol 9, utviding av noverande 52 / 46 utslag.

Bagboder

Arbeidet med nytt bygg for bagboder er nå i gang, og ventast å vera ferdig i løpet av nokre veker. Skap av type B og C på grunnplan er nesten fullbooka, men det er framleis ledige skap type A på andre plan for dei som ynskjer. For bestilling av desse, sjå eigen info HER.

Av dei gamle brakkene så vert nr 4 på parkeringen rive allerede ved byggestart på nytt bygg, og dei som har traller/bagar der er tilskrive om å fjerna desse med det samme. Så snart det nye bygget er ferdig vil også dei tre siste brakkene bli stengt, og alle som har golfutstyr der må fjerna dette.

Informasjon frå klubb og bane

Me har i det siste lagt om informasjons rutinane litt, slik at det i større grad er klubben som kjem med informasjon retta mot medlemmene, og som omhandlar turneringer og andre arrangement som klubben har. Som før så kjem denne primært på www.vossgolf.no, med medlemsmail og innlegg på Facebook sida som har link til nyheten på heimesida.

Helge, 9/4-21

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no